mandag 14. februar 2011

Valentinsdagen

I dag skulle me sjå på film med klassa, men eg kunne dessverre ikkje bli med på dette fordi eg måtte dele ut valentinshjertar til de forskjellige klassane. 

Valentinsdagen, den 14. februar, er jo ein dag kor man skal hylle sine kjære, og folk skreiv derfor lappar med mykje rart på. Til dømes var det nokon som skreiv ” Når vinden leikar med håret ditt, er det noko som skjer i hjartet mitt”. Beklagar viss du som skreiv det ikkje likar at eg skriver det i dette innlegget, men eg måtte nesten bare le litt for det var jo ganske så søtt. Tenk kor koselig det er å få slike meldingar levert i løpet av ein slitsam og lang dag. Man fikk jo til og med få ei lita hjartesjokolade! Det kosta berre 5 kronar, slik at det ble mogeleg å kjøpe mange. Nokon var heldige og fikk derfor søte, fine lappar som var sjølvskriven. Nokon fikk til og med så mange som 4 lappar. Då blei det mykje sjokolade på dei.

Det var alltid like morosamt å sjå dei forvirra blikka da nokon fikk ei uventa lapp frå ein hemmeleg beundrar. Kven kunne det være frå? Vi som delte ut hadde ikkje lov til å seie kven det var, så dei ble sittande og undre på kven det kunne være som skrev ”Ser deg kvar einaste dag i kantina. Du er så søt!” Kven det var, får vel være vår  vesle løyndom. 

Alt i alt synes eg at valentinsdagen er ein morosam dag. Den er jo eigentleg ikkje norsk, men den lagar så mykje glede så eg greiar ikkje å tenke noe anna enn at dette er ein dag vi må fortsette å feire.


Kven trur du blir din valentin til neste år? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar