mandag 4. april 2011

Reklame på nynorsk?

I dag er det fleire enn før som reklamerer på nynorsk. NHO-sjefen Finn Bergesen jr. sa i eit intervju hausten 2007 at nynorsk signaliserer identitet og ekte vare. Til meire ekte eit produkt framstår, til større gjennomslag får det på marknaden. Den faglege leiaren i reklamebyrået Dinamo Norge, Ivar Vereide, seier at ein må ha ein naturleg grunn for å bruke nynorsk. Å bruke nynorsk berre for å bruke nynorsk er han i mot. Då kjem ein lett inn i ei Ivar Aasen-
misjonering, seier han. Kva synest du om å bruke nynorsk som reklamespråk?

Det merkes at fleire reklamar enn før spilles på nynorsk, men til tross for dette er det framleis  få reklamar på nynorsk som spilles på fjernsynsskjermane i dei norske husstandane. Nynorsk er eit stilig og interessant språk,  i tillegg til at det er et  svært omstridd språk. Nynorsk på skulene blir bare sett på som slit og tvang, men i reklamar derimot er det nesten litt ”koseleg” med nynorsk. Eplereklamane frå hardangerfjorden verkar mykje meir autentiske når dei fremmer eplejuicen sin med god gammaldags nynorsk.  Og reklamane om noras heimlaga syltetøy som får oss til å drøyme oss tilbake til barndomen da bestemor med den rare dialekten kom inn døra med ferske bær som skulle bli til syltetøy.  Disse reklamane blir for min del mykje koseligere av å ha den nynorske dialekten i bakgrunnen. Akkurat slik Finn Bergesen jr seier synes eg nynorsk signaliserer ekte vare og identitet ved at det verkelig er noko særnorsk og nostalgisk ved det nynorske språket. Eg synes derfor at det burde være fleire nynorske reklamar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar